Aufruf – Norwegisch

Mord vert ikkje forelda

Den 17 august 1987, etter 46 år i fengsel, so miste den siste Spandau-fangen livet under mysteriøse umstende.

På dødsdagen gjekk gjetordet um at 93 år gamle Rudolf Hess skulde ha teke sjølvmord tidlegt på kvelden. I dagane som fylgde kom dei allierte fengselsdirektørane med fire ulike versjonar av det som skulde ha skjedd.

Kvar einaste av desse versjonane styrkte tvilen um sjølvmordshypotesen. Familien åt den døde freista å få klåra upp i saki, og saki deira fekk stor folkeleg studnad. Det som dei greidde å finna ut fekk dei ikkje til å stemma med den proklamerte sjølvmordshypotesen.

Heilt fram til i dag er det ikkje gjort rettelegt greida for korleis Rudolf Hess miste livet. Ein av grunnane til dette er at britiske styresmakter fekk løyndestempla Hess-arkivi. So lenge desse dokumenti ikkje er tilgjengelege, so er det ikkje råd å vita um sjølvmordshypotesen let seg stadfesta eller um det snarare sviv seg um eit brotsverk som vert dekt yver.

I år er det 30 år sidan dødsfallet åt den siste Spandau-fangen. Soleides gjeng sperrefristen åt Hess-arkivi ut på dato. Endeleg burde det verta råd å få klåra upp i saki med vanlege rettsstatlege metodar, utan umsyn til propaganda.

Den føderale tyske republikken hev so langt synt sers liti interessa for saki. 30 år etter at han døydde, 72 år etter slutten på andre heimskrigen, 76 år etter flyturen hans til England, so er det likt til at ein helst vil leggja eit slør av togn yver bakgrunnen for saki. Ei merkeleg åtferd frå ein stat som det heiter skal gjeva alle like rettar.

Same kva denne mannen hev havt å segja for den tyske soga, so er det ein rettsstat si plikt å klåra upp i spursmålet um livet hans enda med eit mord eller eit sjølvmord. Det skulde ikkje vera moglegt å dekkja yver denne saki i ein rettsstat.

Den 19 august 2017 krev me difor at Hess-arkivi vert opna slik at det endelegt vert råd å finna ut kva det var som hende.

30 år med propaganda og spekulasjonar fær vera nok!

Denne nettsida kjem til å fylgja mobiliseringi fram mot demonstrasjonen under slagordet “Mord vert ikkje forelda! – Opna arkivi – Rettferd, ikkje hemn!